onsdag 18. september 2013

Supersize mee!

Eg vil tru dei fleste kjenner til denne problematikken: Du har tatt ein øl eller to i hyggelig lag. Du og fylget setter kursen mot Nordre gata som dei aller fleste studentane i Trondheim kjenner som partygata. Du velger å betale deg inn på Gossip, der musikken er så høg at det ikkje er vits å føre ein samtale. Etter som kvelden går og vaktene bestemmer at no er det på tide at folket skal heim, finn ein ut at ein er særdelest svolten etter all gangnam style og The fox moves. Du kjem på at Burger king ikkje ligg så langt unna og akkurat der og då vil en hamburger servert på null tid vere perfekt. Gjengen setter kursen mot hurtigmat sjappa og når det er innanfor synsvidde.. BAM! Kø så langt auge kan sjå.





Det verte ein kamp i køa. nokon bruker skitne triks som albogar eller kroppsvekt for å skvise vekk folk frå køa slik at dei sjølv kjem raskast mogleg fram til kassa. Som ein apeflokk (rettare sagt Berberaper) som kjempar om mat frå turistar på Gibraltar, kan vi sjå visse likheitstrekk med kampen om mat og plass i køa på burger king (Ok, litt overdramatisert, men kjennast ofte slik..)



Desverre må nokre personar byrja på veien heim utan å ha fått nattmat dosa si, eller så finn dei andre alternativ eller kanskje dei er så heldige dei har ein grandiosa liggande klart i frysaren. Poenget er at nattmat fenomenet er ein utbredt "kultur" eller sosialt fenomen blant studentar overalt. Kvifor veljer studentane og vanlige folk å gå desse plassane midt på natta ? For mange er dette eit ritual etter ein fuktig kveld på byen. Burger king og andre nattmat sjapper er ein stad for samtalar og ein moglegheit for å verte kjent med nye menneskjer. Du har kanskje sjølv opplevd å kome i snakk med ukjente personar i køa når du ventar på double whooparen din, kanskje finn dokke eit bord ilag og delar eit hyggelig måltid. Det er viktig å ikkje berre framstille nattmat fenomenet på burger king som noko negativt. Det er ein grunn til at folk flest fortsettar å komme dit på nattestid. Å då lurer eg i grunn på: kva er det som gjer all denne "slåssinga", trengselen og ventinga på vei inn til kassa på burger king verdt det?


Eg vil nevne Mcdonaldization i denne samanhengen. Ritzer (2011:583) definerar begrepet slik: "Mcdonaldization is the process by which the principles of the fast-food restaurant are coming to dominate more and more sectors of American society, as well as the rest of the world. The nature of the Mcdonaldization process may be delineated by outlining its five basic dimension: Efficiency, calculability,predictability,control(...) and, paradoxially, the irrationality of rationality."

Vi som kunder har visse krav til fast food. Som vi kan lese ut frå navnet vil vi ha maten vår raskast mogleg. For ikkje å snakke om at maten er billigare enn dei fleste stadar (Hei, en student kan ikkje krangle på det!) Maten ser bra delikat ut på reklamar også, sjølv om det kanskje ikkje liknar på den maten du får i røyndommen, men kven bryr seg? Mat er mat og du er svolten ! Ut frå dei to begrepa som Ritzer presenterar "kalkulering" og "forventning", så er det forventa og kalkulert at vi som kundar skal få maten og betale raskast mogleg og forlate staden kjapt etterpå. Vi veit at dette får vi gjennom burger king og andre fast food bransjar, og difor vel vi å komme tilbake gang på gang fordi vi veit kva vi får. Trengsel og kø, det får berre vere, for mange er crispy chicken meny og double whoppar verdt det.

Men som eit tips: Ta turen innom 1001 natt istaden, dei har like gode hamburgarar til ca same pris, med mykje mindre kø.


Kjelder:

Ritzer, George(2011). Sociological theory. New york: McGraw-Hill.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar