mandag 11. november 2013

"Kan eg få låne ein kopp med sukker...?"

BY VS BYGD.
Dei aller fleste studentar leiger bustadar og som med dei fleste byane i Noreg, er Trondheim ein studentby med til-flyttande studentar frå alle kantar i landet vårt. For mange som leier ut bustadar eller kollektiv kan dei oppleve å få nye bebuarar kvart år. Mange studentar er mobile og forflyttar seg gjerne kvart eller anna kvart år, etter kvart som dei lærar seg kvar alt er i Trondheim. Det eg vil ta opp i dette innlegget er naborelasjonane mellom studentar og dei fastbuande i Trondheim. Dei «innfødde». Det eg vil samanlikne med er heimstaden min. Eit lite og oversiktlig lokalsamfunn der alle kjenner alle og der dei aller fleste er genuint interesserte i livet ditt og tilbyr hjelp til ein kvar tid når du treng det. Dette kan også slå ut negativt. Vi har vel alle hørt om «bygdemonsteret», der ein 2 kilos fisk plutselig vart 7 kilo, eller der sladder vert nådd til alle andre i bygda utanom den personen det faktisk gjeld (sladder som ofte viser seg å ikkje stemme). Poenget er at i eit lite lokal samfunn kjenner alle kvarandre, på både godt og vondt.



I dette innlegget vil eg nemne omgrepet Gemeinchaft, eit omgrep presentert av Ferdinand Tonnies. Dette definerer han som lokalsamfunn med nære relasjonar. Det er noko som er naturlig, nært og kjent og ein deltek i det som eit heilt menneske med kjensler og sinn (Schiefloe 2011). Til kontrast presenterte han omgrepet Gesellschaft, her var relasjonane kunstige, planlagte og kalkulerande. Eit upersonlig og anonymisert samfunn (Schiefloe 2011). Dette kan vi sette i samanheng med bylivet. Eg trur eg kan påstå at det store fleirtalet av studentar i Trondheim som bur heimanfrå, ikkje kjenner til eller har spesielt nære relasjonar til naboen eller nabolaget. Eg sjølv bur i eit kollektiv med tre andre jenter, og det måtte ha vore søndag, alle kolonibutikkar stengt og ein verkelig trong for bollar , før eg går på naboen si dør og spør etter mjøl. Helst ikkje då heller. Ei handling som ville ha vore ei sjølvfølgje i heimbygda, vert ganske fjern, då eg ikkje har noko som helst relasjon til naboen her i byen. No skal det nemnast at eg ikkje har vore bort med kaffi koppen til naboen og spurt om sukker eller mjøl, men andre tenester har alltid vore ei sjølvfølgje der eg er frå.

Ein kan ha mange venner og kollegaer her i byen, men for mange studentar opplev ein å vere anonym i sitt eige nabolag. For mange er dette ein vanesak, då fleire er vaksne opp på slike stadar og ikkje har behov for å vere knytt til naboen. Men for meg er det ganske rart at eg ikkje kan helse og slå av ein liten prat med naboen som du ser kvar dag og går forbi titt og ofte. Istaden for gjer eg som vi nordmenn flest er kjent for. Vi ser ned i bakken eller festar blikket forbi personen og hastar forbi. Ein vesentlig faktor å sjå på i denne samanhengen er at vi har ein heilt annleis type relasjonar til naboen i den store byen i forhold til nærmaste nabo i det vesle lokalsamfunnet. Eit omgrep som er relevant her er pleksitet. Dette definerar Bø og Schiefloe(2009:15) slik: «mellom to aktører i et samspill kan det eksistere flere bånd eller nettverksfibre. Kvaliteten på bånd dannes på bakgrunn av hvor og hvor ofte de møtes, hvilke roller de møter hverandre i, og hva slags fellesaktiviteter de deler med hverandre».

I mindre lokalsamfunn møter naboar kvarandre oftare enn i storbyen vil eg kunne tåre å påstå. Dei delar same legekontor, handlar på same butikk (som det ofte finst berre ein av, om ein er så heldig å ha ein..), går på same festar og dansar, trimmar same plass, har felles kjente og mange er i familie og er kollegaer. Som vi då kan sjå er det større sannsyn og moglegheit for å etablere ein breiare og nærare kontakt med naboen i lokal samfunn då ein delar såpass mykje av kvardagen sin med slike personar. I storbyen som ein tilflytta student er naboen som oftast berre ein nabo som bur i huset oppom eller bortafor deg og ein har ikkje like mange felles arenaer å møtast på utanom forbi-passeringa då begge kjem frå skule/jobb eller butikken samtidig. Dette er ikkje meint som ein fasit, og slike relasjonar vil variere. Det finst små lokalsamfunn der folk har budd heile livet og ikkje har tatt seg tida eller bryet til å etablere ein relasjon til naboen. Mange har ofte dei relasjonane dei treng andre stadar. Eg veit også om studentar som titt og ofte vert bydt på middag og andre aktivitetar av naboen. Så dette vil vere forskjellig og er ofte opp til personane sjølv om ein har interesse av å kjenne naboen.



Ein interessant eksperiment ville vere å prøvd å gått bort til naboen min her i Trondheim og spurt etter ein kopp med sukker. Eg lurer på kva som hadde skjedd, hadde eg fått eit spørjande blikk som tilsvara at no er det eit små sprøtt kvinnfolk her på dørstokken min, eller hadde naboen smilt og svart: "Så klart!"? Heilt ærleg tårer eg ikkje å prøve eingong. Skal tross alt bu her ei stund til og kan ikkje risikere å øydeleggje mitt ikkje-eksisterande forhold til naboen.

Kjelder:

Bø, Inge og Per Morten Schiefloe(2009). Sosiale landskap og sosial kapital, innføring i nettverkstenkning. Universitetsforlaget.


Schiefloe, Per Morten(2011) Mennesker og samfunn. Innføring i sosiologisk forståelse. Fagbokforlaget Vigmostad og Bjørke AS.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar