Vil vise til eit tidligare innlegg der
vi tok opp temaet busskultur. Her får vi beskrive korleis bussane i
Trondheim (og andre stadar) kan fungere som eit lite eiget samfunn,
med eigne reglar og normar. Mange vil seie nordmenn har ein spesiell
åtferd på slike bussturar. Kor mange gangar har du ikkje sett at
folk hastar til dei ledige dobbeltsetene framfor å sette seg ved
sidan av nokon andre? Eller den irriterande
«setet-er-opptatt-grunna-gymbaggen-min-sitt-der». Det forundrar meg
også ofte at fleire personar ikkje gir vekk plassane sine som er
berekna på eldre og meir skrøpelige menneskjer som kanskje kunne ha
godt av å sleppe å stå heile vegen til Dragvoll. Som sagt det er
forskjellige tankar og normar rundt korleis ein skal oppføre seg på
bussen. Men noken normar kan seiast å verte delt av dei fleste. I
det same innlegget oppfordra vi lesarar til å gi oss utfordringar
rundt sosialt aksepterte normer på bussen.
Desse utfordringane tok vi på strak
arm og vi testa dei ulike normane i eit eksperiment, der vi tok
bussen frå Munkegata mot Strindheim og tilbake. Målet var å sjå
reaksjonane på folk når dei heilt klart opplevde eit normbrot. Men
det artige som vi til slutt fant ut, at det var ikkje alle som såg
på normbrotet som noko negativt i seg sjølv.
Utfordringane (og normbrot) var som
fylger:
1.Sette seg ved sidan av ein
tilfeldig passasjer sjølv om der var ledige seter rundt om i bussen.
2.Å starte ein samtale med ein
tilfeldig medpassasjer.3.Å ha ein klein samtale(med tabu tema) på bussen med fleire medpassasjerar rundt.
Eksperimentet vart så klart filma, der
ein tydelig ser reaksjonar i form av stirring og blikk som er klart
interessert i kva som skjer og vert sagt. I ettertid har vi også
tatt føre oss ulike personar og bedt dei sette seg inn i dei ulike
situasjonane og dele tankane og eventuelle reaksjonar dei ville fått
om dei hadde vore tilstades.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar